Dette er ein del av serien #mytemåndag der eg tek for meg meir, mindre eller heilt feil sanningar ein ofte høyrer om historia og kulturhistoria.
At folk ofte gifta seg tidlegare enn vi gjer i dag her i landet er ikkje feil å seie. I Ifølgje SSB var gjennomsnittsalderen for fyrste giftermål 34, 9 for kvinner og 37,1 for menn i 2023.
At brurepar var pur unge og byrja å formere seg (og fekk uhorvelig mange barn) er derimot gale. Det er sjølvsagt variasjonar, og i høgare klasser kunne ein finne unge par. Marie Antoinette var for eksempel 15 år då ho blei gift med Ludvig XVI, han var 16.

Den franske kongefamilien 1782. Ukjent målar / Wikimedia Commons
Ser ein på tilgjengelig statistikk, blant «folk flest» får du eit litt anna oppfatning. På 1700-talet har ein med hjelp av kyrkjebøker funne at gjennomsnittsalderen for giftermål 26 år og for kvinner og 28 for menn. Tala held seg relativt stabile utover 1800 og 1900-talet. Det er ikkje før på slutten av 1950 -talet av gjennomsnittleg giftealder går under 25 år for kvinner.
Årsaka: Ganske enkelt – ein måtte ha noko å leve av. I Noreg levde dei fleste av jordbruk, i 1801, opp mot 90%. For veldig mange betydde det at dei måtte ha ein jordlapp, eller plass for å kunne gifte seg og stifte familie, sjølv om det også var tilfelle at tjenestefolk vart gifte.

Den høge alderen for giftarmål førte også til at det vart mindre barneflokker enn mange kanskje har sett for seg. På 1700- talet hadde kvar kvinne i gjennomsnittet 6 barn, der halvparten overlevde. Høg barnedødlegheit blant barn var sjølvsagt ein grunn til dei små barneflokkene, men også at dei alle fleste gifta seg seint og færre fruktbare år.

Ekteskapet var viktig. Det var likevel i like stor grad eit arbeidsfellesskap som eit kjenslefellesskap som er kjenneteikne i den vestlege verda i dag. Ekteskapet, kjærleik og samliv er noko eg ganske sikkert kjem til å kome attende til ved eit seinare høve, der er det mykje å ta tak i.
Kjelder
SSB: Ekteskap og skilsmisser 05742: Gjennomsnittsalder ved giftermålet, etter kjønn.
«Ingenting var viktigere enn ekteskapet» Erling Sandmo, norgeshistorie.no
«Mor, far og alle barna» Hilde Sandvik, norgeshistorie.no
Legg igjen en kommentar