Skal eg vera ærleg er nok det skriftlege mediet det eg likar best. Med eit utval av ulike genrar å arbeide med er det utruleg mange moglegheiter til å formidle kunnskap.
Både gjennom studietida mi, og i åra etterpå har eg arbeidd med skrifteleg arbeid i ulike media. Heile vegen har eg hatt eit ynskje, og eit fokus på å formidle kunnskapen min til flest mogleg. I tillegg til tradisjonelle media som tidskrifter og aviser har eg også jobba mykje på digitale plattformar. I alt arbeid eg opptatt i å legge til rette for korleis eg best mogleg kan arbeide og utnytte dei ulike genrane og plattformane eg jobbar med.
Som museumsleiar frå 2018 til 2024 har eg også arbeidd med utstillingstekstar både med eigenproduserte utstillingar, supplere vandreutstillingar og rådgjevande- og korrekturarbeid for andre museum. Eg har også hatt oppdrag som fagfelle.
Eg har også god erfaring og kunnskap til bildemateriale til bruk i tekstleg arbeid, både når det gjeld kvar eg kan finne ulikt materiale og retningslinjer og reglar rundt bruk.
Her er eit utval av arbeid:
Utstillingar
2023: Korrekturlesing av tekstar til utstillinga Attåt ved Nordfjord folkemuseum
2022: Fagleg rådgjeving og korrekturlesing av tekstar til utstillinga Sjukdommar som endra historia ved Nordfjord folkemuseum
2022 Utvikling av tekstar til «Så går vi rundt om en enebærbusk» Juleutstilling ved Sunnfjord Museum
2022: Revidering og supplering av tekstar til utstillinga Fritid på Sunnfjord museum, produsert av Nordfjord folkemuseum
2021: Fagleg ansvarlig for tekstar til utstillinga «En stilling som fotograf» -samlinga etter sunnfjordfotograf Olai Fauske
Vitskapleg og populærvitskapleg arbeid
2023 «So såg dei lyseld i alle høga om natta, når det var måneskiinn og vind. Det va dei ondejordske, det trudde dei so visst» – Kort om tussar, huldre og folketru. «Jul i Nordfjord»
2022 «Troldfolck jo bør at straffis paa dens Liff til Baal och Brand.» Nokre trolldomssaker frå Nordfjord og kva dei kan fortelje oss. «Jul i Nordfjord»
2014 Indianaren; tradisjonell, teppekledd og avvepna? Presentasjon av masteroppgåve på Masterbloggen
2014 » «Fem dverge fra skogen nær Kilo» Om forståing av oss og dei andre i Norsk Folkeminnesamling.» i «en vild endevending af all virkelighet – Norsk Folkminnesamling i 100 år.
For tida jobbar eg med artiklar knytt til gravferdsritualet på Møsstrond i Vinje kommune
