Både gjennom profesjonelt arbeid og frivillig erfaring har eg erfaring med ulike typar redaksjonelt arbeid. Som i mitt eige arbeid er eg opptatt av at resultatet skal bli så godt og forstålig som mogleg, utan å miste fagleg kvalitet. Eg har brei erfaring også innan visuelt arbeid, og har særlig kompetanse på bruk av historisk bildemateriale. I tillegg har eg grunnleggande grafisk kompetanse.
Eg har også god erfaring med korrekturarbeid innan ulike genrar.
Større skriftlege utgjevingar
Som leiar i Norsk folkeminnelag var eg med å gav ut boka Optegnelser – Cállosat (Isak Sabas folkeminnesamling) og også med i prosessesen med boka Omgangsskolelæreren i allmueskolen- Leseopplæring mellom tekster og talemål
Digitalt arbeid
Som museumsleiar har eg hatt lokalt redaksjonelt ansvar for nettsidene og dei sosiale medie- kanalane til til Sunnfjord Museum.
Hausten 2024 arbeidde eg fram nye nettsider til Rauland Historielag. Sidene vart utforma basert på innhald på gamle nettsider og ny innhaldsproduksjon
