Kven er eg?

Litt tilfeldig oppdaga eg emne i kulturhistorie som ny student. Fort gjort – og plutselig er du kulturhistorikar. Emnet førte til ein mastergrad og vidare til ein variert og aktuell kunnskap om historie, tradisjon og kultur – og til livsvisjonen #kulturhistorietilfolket.

Eg heiter Marie Nicolaisen og er født i Oslo, men oppvaksen i Rauland i Telemark. Mange år i hovedstaden og fleire år i Sogn og Sunnfjord har gjort meg til eit urbant distriktsmenneske, med stor kjærleik og kjennskap til by og land. I seks år har eg vore museumsleiar ved Sunnfjord Museum utanfor Førde. Før det har eg ei variert arbeidserfaring frå administrasjon, forvaltning, reiseliv og service. Eg har også samla på meg en mengde verv i det frivillige kulturlivet. For tida er eg styreleiar i Wikimedia Norge og nestleiar i Fortidsminneforeningen Sogn og Fjordane.

Vil du sjå heile bakgrunnen min, finn du den her.

Eg brenn for det kulturhistoriske faget. Både gjennom eigne oppdagingar og erfaringar med å snakke med store og små om ulike emne trur eg mange eigentleg er ganske interessert i ting dei ikkje ante at dei var interessert i. For kva handlar eigentleg kulturhistorie om? For meg handlar det om korleis vi kan forstå livet til vanlige folk. Korleis Napoleonskrigane med hjelp av prestar førte til at poteta vart ein del av norsk kosthald, at segnmateriale om Pesta kan gje oss ein ide om kor dramatisk det var når svartedauden kom til landet

Hvis du har lyst til å ta en kaffe og klatre ned i eit kulturhistorisk kaninhull med meg, er eg er busett i Oslo, men over gjennomsnittet god på å kome meg rundt i landet.

Eg er også aktiv på ulike sosiale media under misjonen #kulturhistorietilfolket, ispedd eigne meiningar om kva som skjer rundt omkring fjernt og nært.