Kva kan eg hjelpe deg med?

Det korte svaret – det meste!

Innimellom treng du kanskje nokre ekstra hender til å løyse eit oppdrag? Ein plan eller rappor som skal skrivas, ei nettside som treng litt nye auge, eit prosjekt eller arrangement som skal gjennomførast? Eller treng du kanskje litt rettleiing?

Eg er busett i Oslo, men er ein kløpper på å kome meg rundt også til andre stader av landet. Ta kontakt, så tek vi ein prat også får du eit tilbod. Eg er konkurransedyktig, og tilbyr eigne prisar til frivillige lag og organisasjonar.

Med ein variert faglig, yrkesmessig og organisatorisk bakgrunn er eg ein allrounder, og har lyst til å bruke den varierte kunnskapen min til å løyse ulike oppdrag og utfordringar.

Dette kan til dømes vera:

  • Kulturhistoriske skriveoppdrag
  • Kulturhistoriske foredrag og innlegg
  • Digital formidling, inklusive nettsidearbeid og arbeid med sosiale media
  • Korrekturarbeid
  • Redaksjonelt arbeid
  • Søknadsrettleiing og utvikling
  • Prosjeketarbeid
  • Strategi-og planarbeid
  • Konferanse -og arrangementgjennomføring

For frivillige lag og organisasjonar har eg erfaring og kan hjelpe til med:

  • Enkelt økonomiarbeid
  • Organisasjonsutvikling
  • Medlemsoppfølgjing og medlemssystem
  • Strategi- og planarbeid
  • Årsmøtegjennomføring
  • Søknadsarbeid

For lag og organisasjonar drive på frivillig basis tilbyr eg reduserte prisar

Nedanfor finn du neir informasjon om nokre av fagområda eg har erfaring med.


Foto: Henning A Hellebust, Musea i Sogn og Fjordane

Kulturhistorisk arbeid

Les meir om både skriftleg og munnleg fagleg arbeid

Les meir om erfaringa mi med redaksjonelt arbeid, og kva eg kan hjelpe deg med.

Arrangementserfaring

Les meir om kva arrangementserfaring eg har og kva eg kan hjelpe deg med.

Organisasjonsarbeid

Les meir om erfaring eg har med organisasjonsarbeid, og kva eg kan hjelpe laget eller organisasjonen din med.