Kulturhistorisk arbeid

Både gjennom utdanning og som museumstilsett har eg opparbeidd meg ein allmenn kultuhistorisk kunnskapsbakgrunn. Eg elskar faget mitt, og å formidle denne kunnskapen i ulike samanhengar og til ulike målgrupper og ulike kanalar. Dei siste åra har eg fått brei erfaring med kultuhistorisk formidling til barnehagar, skuleverket, vaksne og organisasjonar. Eg vart også bruka aktivt NRK Sogn og Fjordane/Vestland til kulruhistoriske tema, til dømes rundt høgtider.

Skriftleg arbeid

Frå studietida mi og fram til i dag har eg hatt eit ynskje, og eit fokus på å formidle kunnskapen min til flest mogleg, klårast mogleg utan at det går ut over det faglege innhaldet. I tillegg til tradisjonelle media som tidskrifter og aviser har eg også jobba mykje på digitale plattformar. Eg har også utvikla, supplert og hatt rådgjevande arbeid utstillingstekstar, og hatt arbeid som fagfelle.

Utval av skriftleg arbeid:

Utstillingar

2022: Fagleg rådgjeving og korrekturlesing av tekstar til utstillinga Sjukdommar som endra historia ved Nordfjord folkemuseum

2022: Revidering og supplering av tekstar til utstillinga Fritid på Sunnfjord museum, produsert av Nordfjord folkemuseum

2021: Fagleg ansvar og utvikling av for tekstar til utstillinga «En stilling som fotograf» -samlinga etter sunnfjordfotograf Olai Fauske

Vitskapleg og populærvitskapleg arbeid

2023 «So såg dei lyseld i alle høga om natta, når det var måneskiinn og vind. Det va dei ondejordske, det trudde dei so visst» – Kort om tussar, huldre og folketru. «Jul i Nordfjord»

2022 «Troldfolck jo bør at straffis paa dens Liff til Baal och Brand.» Nokre trolldomssaker frå Nordfjord og kva dei kan fortelje oss. «Jul i Nordfjord»

2014 » «Fem dverge fra skogen nær Kilo» Om forståing av oss og dei andre i Norsk Folkeminnesamling.» i «en vild endevending af all virkelighet – Norsk Folkminnesamling i 100 år.

2012 Den nakne, naturbarnet og krigaren: Indianaren i Edward Sheriff Curtis’ The North American Indian. Masteroppgåve i kulturhistorie ved Universitet i Oslo

Munnleg formidling

Vitskaplege innlegg

Januar 2024 «Gravferd der ingen skulle tru at nokon kunne bu» Nasjonal fagkonferanse, Forening for kulturforsking
Januar 2023 «Den nakne, naturbarnet og krigaren. Representasjon i the North Amrican Indian.» Forskings-kick off, Musea i Sogn og Fjordane
Mars 2022 «Livsminneintervju som kjelde? Korleis går vi fram? Kva kan du fortelje?» Lokalhistorisk webinar, Vestland fylkeskommune September 2022 «Frå´svartaste´Afrika til Førde i Sunnfjord» Representasjon på reise. REISE Nasjonal fagkonferanse, Forening for kulturforsking

Populærvitskaplege innlegg

September 2023: «Troldfolck bør at straffis paa den Liff til Baal och Brand» Sunnfjord filmklubb
Mars 2023: «Troldfolck bør at straffis paa den Liff til Baal och Brand» Trolldomssaker frå Vestlandet og kva dei kan fortelje oss. Medlemsmøte Folkeakademiet Vest, Sotra
Mars 2023:
Oktober 2022 «Allehelgen, tru og overetru i norsk tradisjon» LEV VEL Kinn kommune
November 2021 «Sjukdom før koronaviruset» LEV VEL, Kinn kommune

Innlegg i media

Juli 2024, NRK Vestland Kva i all verda er Olskok?
Desember 2023, NRK Vestland, Alt om Luciadagen
Mars 2023, NRK Vestland Påske og påskepynt
Mars 2023 NRK Hordaland, Hekseprosesser og trolldom
November 2022, NRK Vestland Juletradisjonar
Juni 2022 NrK Sogn og Fjordane, Kvifor feirar vi jonsok og Jonsokfeiring på Sunnfjord museum
Oktober 2021, NRK Vestland, Om skumle vesen i Norsk folketru