Arrangementserfaring

Både i jobb og i frivillig arbeid har eg gjennom åra vore med å arrangert eit variert utval av hendingar. Som fleirårig leiar i Teaterlaget i BUL Oslo har eg god erfaring med teaterproduksjonar, som museumsleiar har eg arrangert eit utval av arrangement som messer, utstillingar, faglege føredrag og aktivitetshendingar. Eg har også vore med å arrangert fleire faglege konferansar.

Eg har erfaring både med planlegging og gjennomføring, budsjett og økonomistyring og kommunikasjon og marknadsføring. Gjennom proffesjonelt og frivillig arbeid har eg også god erfaring med søknadsarbeid.

Arrangement er noko av det kjekkaste eg driv med, sidan eg ofte kan vera med frå start til slutt. Med å bygge opp og utvikle, og den meir eller mindre stressnde og hektiske oppløpet og gjennomføringa. Sjølvsagt også den kanskje litt meir kjedelige oppsummeringa og evalueringa, med eit fokus på korleis det kan gjerast betre.